13.05.2009

Vil du bli med i menuetten?

Du å du! Mai e ein nydeleg månad, og her i Valdres har våren kome tidlegare enn før. Det er grønt til 17. mai! I dag, 14. mai, reiser familien Ulberg med tog for fyrste gong. Me har reservert plass på NSB familie, slik at me har god plass til Sigve si vogn. Me kjører til Gol for så å ta toget fire timer til Bergen, og me gleder oss stort til å treffe May Sissel, Sveinar og Sondre igjen. Så blir det ekstra stas å oppleve 17. maitstemninga i Bergen! Har høyrt rykte om mange buekorps som ljomar mellom dei sju fjell..

Eg legg ut nokre bilete av oss i Valdres. Forrige veke var Henning på besøk medan Ingunn og Solborg var på Beitøstølen med Evangeliesenteret. Elles går det i barnepass, trilling og sykling. I skrivande stund er Stian nede på folkehøgskulen på avslutningsfrokost. I dag reiser elevane. Nok eit folkehøgskuleår er over..

God 17. mai til dokk adle! Hipp hipp- hurra! :-)


-Silje

I går, 13. mai, var det nok eit sykkelritt i konkurransen Pro tour Valdres. Denne etappen var eit bakkeritt som gjekk frå Leira og opp til Leirin, flyplassen. Kristian frå Ålgård, som er elev ved folkehøgskulen var med, og han vann! Ein skikkeleg spreking som òg har vore med i Norgescupen i sykling..



Sigve likar å utforske dei rare tinga i boka si, og helst vil han smake på alt..

- Sjå, kor flink! Stor gut sit i sofaen:-)



Heia Stian!

Stian er på laget Fagernes Handelsstand ("Dei grøne")


Sigve har fått ei ny jakke av Besta! -takk!

Første møte med grandtante Ingunn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar